top of page

VELKOMMEN TIL VINNESBYGDA

Ei perle for fastbuande, hyttefolk og tilreisande!

Vinnes frå lufta.jpg

Foto: Simen Soltvedt

Om Vinnes

Vinnes er ei bygd i Bjørnafjorden kommune, som ligg ytst på Fusahalvøya mellom Fusabygda og Strandvik. Bygda ligg sørvendt og solrikt til med storslagen utsikt over Bjørnafjorden med Os, Austevoll og Tysnes på andre sida av fjorden. 

I bygda har vi barnehage og skule, og mange aktive lag og organisasjonar. 

Vinnes er ei bygd omkransa av nydeleg natur. Vi har mange flotte turstiar anten i sjøkanten eller til ulike fjelltoppar med fantastisk utsikt. Du kan fiske frå land eller båt, og kanskje freistar det med eit forfriskande bad i stranda.

Trykk deg inn på dei ulike fanane øvst på sida, så kan du lese meir om Vinnesbygda - ei perle for fastbuande, hyttefolk og tilreisande! 

MERK! Vinnes er ei bygd i vekst, og fleire grunneigarar har ledige tomtar for sal (sjå fana "Byggje og bu på Vinnes").

ME ØNSKER DEG HJARTELEG VELKOMEN TIL VINNESBYGDA! 

Foto: Frode Olsen

Aktivitetar i bygda

bottom of page