Oppskrifta pÃ¥ «Korleis lage turveg»

Bygda på solsida

Oppskrifta pÃ¥ «Korleis lage turveg»

16.11.2014 dugnad Fritidsaktiviteter Nyhende 0

Ved å blanda ingrediensane ildsjelar, dugnadsånd, velvillige grunneigarar og ein slump pengar kan ein faktisk få til ein riktig så bra turveg! I dag vart turvegen over Heiane offisielt opna.

Det var mange som møtte opp ved Nesjaheimen i dag for å ta del i opninga av turvegen. Primus motor, Monica Bolstad, uttrykte glede over at så mange hadde tatt turen i det fine haustvéret, samtidig som ho var litt bekymra for om det var nok kake til alle.

Dei oppmøtte gjekk sÃ¥ i «tur-tog» mot turvegen og tok ei stopp pÃ¥ halvvegen, der turvegen delar seg mot SkÃ¥tÃ¥sen. Der fortalte Jarle Vinnes om bÃ¥de skytebane og ballplass før toget fortsatte ferda mot staden der snorklippinga skulle finne stad.

Prosjektet «Turveg over Heiane»

Vel framme fortalde Monica om bakgrunn og gjennomføringa av prosjektet. Her er ei lita oppsummering:

Målet til prosjektet var å lage ein turløype til bruk for alle turgåarar i bygda, som igjen freister til auka aktivitet og bruk av bygda si nydelege natur. Ein slik turløype vil også vera med på å skapa møteplassar for alle i bygda. Langs turvegen er det lagt til rette for aktivtetar for barn og unge, og vegen tener også som ein trygg skuleveg mellom Dalland og Vinnes. Det har også vore eit mål å få eit auka fokus på kulturminner langs turvegen.

Prosjektgruppa har bestått av Monica Bolstad, Erik Sørheim, og Anton Hellesøy.

Monica Bolstad fortell om prosjektet

Monica Bolstad fortell om prosjektet

For å lykkast med eit slikt prosjekt, må ein få til eit godt samarbeid med grunneigarane, i dette tilfellet Dag Vindenes og Jarle Vinnes. Ein stor takk til dei! Men ein kjem ingen veg bare med å planlegga, ein må også ha folk som kan utføra! Over 225 dugnadstimar er gjennomført og mange har bidratt:

  • Prosjektgruppa
  • Alfred J Vindenes med flest dugnadstimar bak spakane i gravemaskina
  • 60 + Brigaden med leiar Dagfinn Solberg
  • Sæbjørn Tveit, Erlend Nielsen, Werner Skaatun, Jarle Vinnes, Lars Gunnerud, Gunnar og Runar Bolstad m.fl.

Å lage ein slik turveg, krev flytting av store massar, og ein har fått lånt maskin og utstyr frå folk både i og utanfor bygda:

  • Hans Olav Djupvik for bruk av gravemaskin
  • Jarle Vinnes for Jollyen, og frakt av grus med traktor
  • Nils Petter Vindenes for frakt av grus og pukk
  • Leif H Gjerde for bruk av traktor
  • Erlend Nielsen for bruk av traktor
  • Werner Skaatun for bruk av ATV
  • Strandvik Transport og maskin AS for godt samarbeid

Utan alle desse hadde aldri vegen blitt noko av! Stor takk til dei!

Framtidsplanar

Sjølv om turvegen vart opna i dag, betyr ikkje det at ein er ferdig med vegen. Prosjektet har nyleg fått kr. 63.000,- i Smil-midlar frå Landbruksdirektoratet/Fusa kommune og kr. 40.000,- i tilskot til lokale frilufttiltak frå Hordaland fylkeskommune. Planar for vidare arbeid er:

  • Innkjøp/ lage meir benkar og bord
  • Merke og skilte fleire turar i omrÃ¥det
  • Lage gapahuk
  • Rydde skog for fleire utkikkspunkt langs turvegen
  • Gruse og drenere vegen ned mot skulen
  • Utvide prosjektet retning SkÃ¥te

Snorklipping, kake, saft og kaffi

Alfred Johannes Vindenes fekk æren av å klippe snora

Alfred Johannes Vindenes fekk æra av å klippe snora

Alfred Johannes Vindenes er nok den med flest dugnadstimar i prosjektet, bakom spakane i gravemaskina. Og han fekk ogsÃ¥ æra av Ã¥ klippe snora og med det vart turvegen offesielt opna. Offesielt har ikkje redaksjonen høyrt noko namn pÃ¥ vegen, men pÃ¥ folkemunne er vegen allereie omtalt som «Monica-vegen» :-). Og kanskje det ikkje er eit dumt forslag, for Monica Bolstad har verkeleg stÃ¥tt pÃ¥ for prosjektet!

Så vart det kake, saft og kaffe, og is til dei minste, slik det er naturleg å gjerna når ein feirer opning av ein flott turveg!

 

Under er nokre fleire bilete frå opninga:

Marianne Dalland tek i mot tur-toget

Marianne Dalland tek i mot tur-toget

 

Jarle Vinnes fortellar om skytebane og ballplass

Jarle Vinnes fortellar om skytebane og ballplass

 

Kjekt å sjå at så mange tok turen

Kjekt å sjå at så mange tok turen

Taubanen var særs populær

Taubanen var særs populær

 

Omlag 100 personar tok turen i det fine haustveret

Omlag 100 personar tok turen i det fine haustveret

 

Kake til alle - Ut på tur, aldri sur!

Kake til alle РUt p̴ tur, aldri sur!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *