Bygdamøte – Nesjaheimen si framtid

Nesjaheimen framtid

Onsdag 25. mars vert det bygdamøte grunna at Nesjaheimen står i fare for nedlegging.

29. januar var det Ã¥rsmøte i Nesjarheimslaget. Valgkomitèen fekk berre kandidatar til 4 av 5 styrepostar; det var ingen som ville ta pÃ¥ seg formannsvervet i laget. Særs fÃ¥ møtte pÃ¥ Ã¥rsmøtet – sÃ¥ fÃ¥ at Ã¥rsmøtet ikkje var vedtaksdyktig. Som ei konsekvens av dette har ikkje Nesjaheimslaget per definisjon eit vedtaksfør styre. Med bakgrunn i dette tok «det gamle styret» kontakt med Bygdautvalet for Ã¥ drøfta vegen vidare. Bygdamøtet er eit resultat av dette.

Økonomien i Nesjaheimslaget er utfordrande med lite utleigeaktivitet og utgifter til m.a. strøm/varme/forsikring.

Det er store utfordringar med tanke på oppgradering av bygningen om den skal bli attraktiv for utleige. Det er også usikker kva stand bygget er i og kva vedlikehald vil koste i åra som kjem. Med bakgrunn i dette har Bygdautvalet i samarbeid med representant for det tidlegare styret hyra inn takstmann for å gå gjennom bygget og koma med ei tilstandsrapport til bygdamøtet.

Kva tenkjer bygdafolket om framtida til Nesjaheimen? Treng vi Nesjaheimen? Kom på Bygdamøte onsdag 25. mars kl. 19.00 i Nesjaheimen og sei di meining!

 

Plakat møte Nesjaheimen

Trackback/Pingback

  1. Ã…rsmøte i Nesjaheimslaget | Vinnesbygda - […] Bygdamøte – Nesjaheimen si framtid (mars 2015) […]

Legg til kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *