top of page
Vinnes frå lufta.jpg

Lag og organisasjonar i bygda

Foto: Simen Soltvedt

Vinnes båtlag

Vinnes Båtlag.jpg

Vinnes båtlag blei etablert i 1984 og har i dag 150 medlemmar. Vi er eit lite lokalt båtlag for bygda si befolkning, hyttebuarar og tilreisande.

Her kan vi også tilby gjesteplassar med gratis strøm, internett og reint ferskvatn i sommarhalvåret.

Båthavna ligg godt i le for sørvest bak moloen til Vinnesholmen.

Saman med Vinnesholmen Kystlag kan vi også tilby toalett og dusj, samt tilgang til vaskemaskin og tørketrommel. Her er det også badeplass,
stupebrett, turområde med villsau og ein fredeleg stad.

Formålet vårt er å leggje til rette for eit aktivt sjøliv for liten og stor.

Vinnes Båtlag (vinnesbaatlag.no)

Facebook

Nesjaheimslaget

Nesjaheimslaget har ansvar for drift, utleie, og vedlikehold av bygdahuset "Nesjaheimen".

kontakt nesjaheimslaget@gmail.com eller facebook Nesjaheimslaget

Nesjaheimslaget.jpg

Vinnesholmen kystlag

2021 05 28 Vinnesholmen Torgeir Holme.jpeg
Foto: Torgeir Holme 
kystlaget.png
Uteplass og holmahus m løe.jpeg

Vinnesholmen Kystlag, eit frivilleg lag tilknytta Forbundet Kysten, står for drift og vedlikehald. Laget består av rundt 65 medlemmar, og her kan alle bli medlemmar. Nord på holmen har kystlaget villsau og gapahuk. Her er det fint å ta med borna på tur og sjå villsau på nært hald. Dyra blir stelt av medlemmar frå laget.

Badestranda er populær om sommaren. Vi har plen som er godt eigna til leik og overnatting i telt, skog eigna for hengekøyer, badestrand med badebryggje, havkajakkar, robåtar og stupebrett. Vidare er det utplassert fleire bålpanner og sitjegrupper.

Kystlaget har også utleige huset, kor all inntekt går til drift og vedlikehald av heile holmen og tilhøyrande tilbod.

Havkajakkane kan brukast gratis av laget sine medlemmar. Andre gjestar kan leige desse. Laget har og SUP-brett i naustet. Medlemmane har og tradisjonsbåtar i naustet som blir tatt i bruk om sommeran; ein Oselvar, ein Strandebarmar og ein 6-æring. I tillegg har laget ei gamal fiskeskøyte på 39 fot. Velkommen til Vinnesholmen til både liten og stor.

Kontaktinformasjon: 

Roger Hoel, formann Vinnesholmen Kystlag.

Tlf 90093249

vinnesholmen@fusi.no

 VIPPS  #105147

Grasrotandel Norsk Tipping: Vinnesholmen Kystlag

Vinnesholmen Kystlag

Facebook

Kulturbedehuset Fredheim

Fredheim er eit vakkert bedehus på Vinnes bygd i 1918. Bedehuset vart bygd som eit resultat av ei vekking i bygda i 1915.

Ein av dei fremste pådrivarane til å få bygd bedehuset var Engel Dybevik. Han fekk arbeidet i gong , og fekk i tillegg gode materialar frå Bergen. Ein annan sentral person var Haldor Dalland (1888 - 1973). Han skaffa tomta, og var elles svært ivrig til å få bedehuset bygd.

Opp gjennom åra har det vore mange ulike aktiviteter i Fredheim. Blant anna song og musikk, vekkingar, basarar, søndagsskule og juletrefestar for å nevna noko.

I 1998 vedtok Fusa kommunestyre at Fredheim som eitt av to bedehus, skulle stå på ei liste over verneverdige bygningar I Fusa.

I 2011 vart Venelaget for kulturbedehuset Fredheim på Vinnes stifta, og sidan då har det vorte halde mange ulike konsertar, foredrag og utstillinger i bedehuset i regi av Venelaget.

For meir info: 

facebook KulturbedehusetFredheim

fredheim.jpg

60+

20180410_111810.jpeg

60+ har som føremål å bidra til å hjelpa lag og organisasjonar på Vinnes med konkrete arbeidsoppgåver som bidrar til fellesskapet i bygda.Det kan vera vedlikehald og forbetring av turstiar og bygningar o.l. 

60+ er ope for alle menn over 60 år. Me er 10-15 mann som er meir eller mindre aktive. "Klubben " har faste, sosiale møter siste mandagen i kvar månad på skulen. I tillegg tek vi store og små arbeidsoppgåver etter kvart som dei dukkar opp. Me har ikkje styre og ikkje medlemspengar, men har likevel halde på sidan januar 2014!! 

 

Håpar du har lyst til å bli med? Du kan bli med etter eigen evne og tilgang på tid!

 

Ta kontakt med 

Dagfinn Solberg 

tlf 47234900

Fusa Rockeklubb

Fusa Rockeklubb har øvingslokale og studio i Nesjaheimen. 

Epost: fusa.rockeklubb@gmail.com

rockeklubb.jpg
bottom of page