
Opplev Vinnes
Foto: Simen Soltvedt
Som du ser på bilete over, er Vinnes ei vakker bygd og har ei unik plassering. Her kan du vandre på korte rusleturar i sjøkanten i flatt terreng, eller du kan bestige nokre av fjelltoppane som du ser i bakgrunnen på bilete. Flotte badeplassar har vi og, både tilrettelagde og meir usjenerte. Likar du å trene, har vi gratis utetrening to dagar i veka.
Lyst til å vite meir? Skroll deg nedover, og la deg rive med:)
Rusleturar
​Vi har mange flotte rusleturar. Vi presenterer nokre. Alle desse er på grusveg og/eller sti. Trykk deg innpå og les meir om turane i tenesta ut.no

Fjellturar

Er du glad i utsikt og likar å nå ein topp, har vi mange flotte fjell å gå i. Her er eit knippe. Trykk deg innpå og les meir om turane i tenesta ut.no
Badeplassar
Vi har mange flotte badeplassar.
​Vinnesholmen er ein badeplass som blir drifta av Vinnesholmen Kystlag. Her er det flott sandstrand, HC-baderampe, badebrygge og stupebrett. Nyleg har det blitt reist eit flott grindabygg med topp moderne toalett (både voksen- og barnetoalett) og stellebord.
​
Andre populære badeplassar er
-
Selsvik
-
Vinnesleiro

Tabata-trening

Er du glad i å trene?
Velkomen til gratis tabata-trening på Sago kvar måndag og onsdag kl. 19-20. Super trening som passar alle, også har me det veldig kjekt ilag.
Nysgjerrig? Kom og prøv!
Ta med deg matte og drikke. Treninga er ute, men under tak.
Spørsmål?
Ta kontakt med Eirin (40494459) eller Anne-Marit (97546886).